Takk til mannen på Grünerløkka med kul hatt og skinnjakke, Elvisplakatar, flatskjerm med Elvis-film på veggen og 2 orkidéar til berre 250kr. Tilsaman, vel å merke.
You made our day. (Fann ikkje eit høveleg nynorsk uttrykk.. Orsak, Noregs Mållag)
14. februar var bilen ferdig bona, finstasen nyvaska og påkledd, håret på G,og oksesteiken klar til servering. Marthe og Sigbjørn vart smidde i hymens lenkjer i Ogna kyrkje. Dei sa sitt JA, vart velsigna av presten, smilte til fotografen og farta litt rundt i brannbilen før festen tok til på Holmavatn.
Jesus, team-building, SNØ, minusgrader, hestar, ut på tur, pakkelek, lovsang, skiskytingstafett, grilling, fotballnattcup, quiz, enorme mengder snacks å ein GOE gjeng e oppskriftå på ei GO HELG!:)
Forresten - Do you know the Muffin-Man? Det gjer me!
Klokka 23.55 natt til torsdag kunne ein høyre lått og vere vitne til begeistring i parken på St Hanshaugen. Tove Karin, Henriette og Elin hadde oppdaga nysnøen, snøbrettet og plastsekken. Og ikkje minst dei brattaste bakkane i lokalområdet.
Elin er i fengsel. Ganske titt. Ho lærer fangar å bruke hendene og kreativiteten sin til noko anna enn å sloss, svindle, planlegge bankran og denslags.. Forming, kunst og handverk er faget og Elin er frøkna.
Høyrt i Henrichsens gt ein ettermiddag: "Eg gløymte å lukke vindauga!" "På rommet ditt?" "Nei, i fengselet.."
Heldigvis var det ingen nye spor i snøen under vindauga dagen etterpå.. :)