mandag 23. mars 2009

Skapt på underfullt vis

Det er deilig for ein medisinstudent når Gud legg igjen eit lite visittkort blant alle cellene eg studerer til dagleg!

Basalmembranen er "grunnmuren" alle cellene som kler innsida av blodårene og dei indre organa våre bygg på. Denne er heilt naudsynt for at cellene skal utvikle dei eigenskapane dei treng, komme seg dit dei skal og feste seg der. Hovudkomponentane i basalmembranen er kollagen og LAMININ.
Det er herleg at det proteinet som betyr mest for å halde kroppen saman ser slik ut:



Høyr meir på http://www.youtube.com/watch?v=_e4zgJXPpI4

For du har skapt mitt indre,
du har vevd meg i mors liv.
Jeg takker deg fordi jeg er skapt
på skremmende, underfullt vis.
Underfulle er dine verk,
det vet jeg så vel.
Mine ben var ikke skjult for deg
da jeg ble skapt i lønndom
og ble formet i jordens dyp.

For i ham er alt blitt skapt,
i himmelen og på jorden,
det synlige og det usynlige,
troner og herskere,
makter og åndskrefter –
alt er skapt ved ham og til ham.
Han er før alt, og i ham blir alt holdt sammen.

Takk til Lars Kristian for godt tips:)

fredag 20. mars 2009

Fredag

Vekene går, nei spring, i ein forsvinnande fart! For ikkje mange dagane sidan var det søndag - kvar vart mandag, tirsdag, onsdag og torsdag av? Eg undrast, tenkjer etter og kjenner at eg liker det sånn. Våren god, grøn, ivrig, og rett rundt svingen. Sola skin og smila sit laust.

I dag er eg glad det er helg att. Fredagen er kjærkomen. I morgon skal vinterkleda leggast bakerst i skapet, skia skal brukast og golv skal vaskast - alt dette medan pensum ligg pynteleg på vent til mandag.

No står kveldsmaten på bordet og lukta av ferskt bakverk fyller rommet. Gjestene kan koma =)

søndag 15. mars 2009

Morgontrøytt?

Klokka er 07.30 og eg oppdagar noko rart. Det er ikkje berre eg som er mindre snakkesalig om morgonen - den grøne mannen som pleier å tyte ustanseleg seier heller ikkje eit pip. Streikar han? Tatt seg fri i helga, kanskje?
Klokka 12 pip min grøne ven igjen lystig, medan eg travar over fotgjengarfeltet. Han må ha vore morgongretten.

Trur ikkje Oslo kommune at det fins blinde menneske som treng å lytte seg over vegen på ein sundags morgon òg?

lørdag 14. mars 2009

Kva gjer ein på ein dag som denne? Tove Karin les til eksamen, Henriette er på jobb og Elin funderer på kva ho skal ta seg til.

Eg har akkurat lese ferdig ei god bok, lagt til side strikkeprosjekta mine litt og sett meg framføre datamaskinen. Kanskje kan eg gjera litt statistikk? Men skule på ein laurdag freistar ikkje. Eg vil heller bake litt. Bollar? Brød? Det er ikkje lett å bestemme seg. Eg burde måle ferdig måleriet mitt også. Akkurat no kjenner eg meg att i karakteren frå Fjorlandreklamen - Vingle Petter. Eg kjem på at det er middagstid. Kanskje kan eg teste ut den nye oppskriftsboka mi? Eller så vert det rester frå i går. Aller helst vil eg ut på ski, men då eg vanka i dag fann eg ut at det heller fekk vera eit sundagsprosjekt. Eg tenkjer at om eg arbeider litt med sentraltendens og aritmetisk gjennomsnitt kjem eg litt nærare å verta ferdig med arbeidskravet mitt. I staden for å laga middag finn eg fram mariusgenseren att, set meg ned i den gode stolen med ein kjærkomen kaffikopp for handa.

Strikketøyet passer så godt i hendene mine når ingenting anna freistar =)

søndag 8. mars 2009

Når me ikkje har noko å skriva om..

Drypp, drypp, drypp.. krana på kjøkken går oss på nervene. Forresten så er ikkje lenger dryppinga eit fenomen å irritera seg over. Dei kontinuerlige, og stadig hyppigare og større dråpane, har gått over i ei tynn stråle som sakte men sikkert tappar varmtvatntanken. Kanskje kjem røyrleggjaren i morgon - men det kan jo hende at også denne røyrleggjaren dett på glattisen og øydelegg kneet sitt, at den naudsynte operasjonen vert utsatt enda ei veke, at straumrekninga vår vert høgare enn me vågar å frykte? Det styrste uromomentet for jentene i Henrichsensgate er likevel å ikkje veta om me har nok varmtvatn til ein kjapp dysj etter strabasiøse skiturar i rennedrev.

For skiturar er me på. I allefall i tankane. Mannsterke skulle me på tur i dag, men då realiteten lyste mot oss frå soveromsvindauga vart med eitt fråfallet stort. Snø. Slaps. Rennedrev. Eitt par med ski kom seg likevel ut i snøen. Det klabba så mykje at skigåaren var glad ho ikkje hadde høgdeskrekk! Kanskje er det på sin plass med eit smørekurs?

I tillegg til dryppande kranar og blaut snø har me gått inn i ein ny månad med håp om ein gryande vår. Dette er noko av det me vil fylla dagane med i næraste framtid

- eta påskeegg
- male på påskeegg
- grille-pølser-på-bål-og-lage-skihopp-skitur
- spelekveld/ar - come and join us!
- knuse pepperkakehus
- sjå minst éin god film - tips?
- slappe av på sofaen
- ha den gode samtalen over ein kaffikopp eller to
- skrive eksamen
- bestå eksamen
- gå på arbeid
- nyte fritida
- lesa minst ei god bok
- vera med Leif Arne på ski-shopping


Forresten, er det nokon som les denne bloggen??