torsdag 27. november 2008

bake-peppekakehus-konkurranse-kveld





Dagen for ein av dei mange happeningane i desember er fastsett - Onsdag 3. desember klokka 18.00 innbyr jentene i Henrichsensgt 3 til julekos. På programmet står "lått og løye", gløgg, mandarinar, julemusikk, godt lag og ikkje minst TIDENES bake-peppekakehus-konkurranse. Det vert premiering innan ulike kategoriar - me vektlegg kreative og alternative løysingar, teamspirit og nytenking!

Arrangørane stiller med pepperkakehusa sine "fire vegger og tak", og treng difor ein liten oversikt over kven som ynskjer å vera med å byggje opp under julestemninga med sitt pepperkakehus! Det er fullt lovleg å ha medbragt ein ekstra etasje eller ein garasje(me snakker sjølvsagt pepperkakehus-målestokk og material!), kanskje ein nisse eller to, lys og/eller anna som kan piffe opp resultata.

Ta med ein dose konkurranseinstinkt, attributtar, kanskje ein god venn, litt julestemning og eit stort smil om munnen!

Me gler oss til å sjå DEG og ditt pepperkakehus =)


onsdag 26. november 2008

KALDT!









Jamvel om snøen enno ikkje har kome for alvor er me offisielt i vintermodus. Gangen er proppfull av skjerf, huer, panneband, vottar, ullsokkar, tøfler, sjal, kåper, bergansjakkar, fleecejakkar og andre jakkar.

Vårt motto: "Det fins ikkje dårleg vér, berre dårlege kler!"
Frys du? Sjå og lær! Trikset er MANGE lag.

mandag 24. november 2008

Bjarne utfordrer...

I ei skuff i 4. etg i Henrichsensgt ligg eit frykta objekt med namnet Silképil. Det er ein epilator. (Forklaring til alle gutane som les bloggen: epilatoren napper ut hårvekst frå kvar det måtte vera).

Jentene i heimen har varierte opplevingar fra bruken av dette nyttige hjelpemiddelet, og i kveld gjekk utfordringa videre til Bjarne. Vågar du?








Bjarne utfordrer herved Gjermund Nordhus. Vågar du?

søndag 23. november 2008

Tid for kvikklunsj

Med pølse i magen kan me seia at me hadde ein god start på dagen.

Det var eit festleg lag som tok ut på tur i dei tidlege morgontimane ein søndag i slutten av november. Ved godt mot tok me fatt på dagens prosjekt - å lufte Leif Arne. Korleis det gjekk? Over all forventning. Turen gjekk til Songsvann, og me var godt førebudde med både proviant og vedkubber i sekken. Me lurte veldig på om ein kunne hatt det betre då me surra bacon rundt pølsene og grilla dei på bålet. Ein påstand om at konsumeringa var viktigar enn sjølva grillinga, vart elegant oversett. Men det skal vera sagt at det er ein viktig del av prosessen - kanskje også den største motivasjonsfaktoren? Etter endt bålkos byrja kulda å bita litt. Kakao og kaffi hadde heldigvis sett ein ekstra spiss på dagen, og med nye krefter vende me nasen heim att. På lang, lang rekkje spaserte me - Gjermund, Odd Inge, Karl Ove, Leif Arne, Tove Karin og Elin - godt nøgde med vår eigen innsats.






lørdag 22. november 2008

Varseltrekant

"Medisiner som er merka med varseltrekant, bør generelt ikkje brukast viss du skal køyre bil eller utføre risikofylt arbeid."




"Du Elin, det er noko feil her.."

Eg kjenner ansvar for å medele at det å koke egg må høyre til under "risikofylt arbeid". Nokon suksess var det iallfall ikkje:)

fredag 21. november 2008

Samson

Me har ein venn. Ei tålmodig sjel. Ein aktiv type. Ein trufast og nyfiken liten sak. Ein blå fisk!

Samson er ein kampfisk. Han bur aleine. Dette er fordi, og eg siteter: "Kampfiskhanar är mycket aggressiva mot fiskar av samma art. De slåss vildsint om de är i samma akvarium. Hanarna är väldigt fientligt inställda mot andra fiskar med långa vackra fenor, som de river sönder ".

Enkelte har uttalt sine meiningar om venen vår ganske så bastant. Men me forstår ikkje -kvifor har dei inga tru på at han er i live når me kjem att etter jul? Eg fann ein oversikt på kva som kan vera indikasjonar på om allmenntilstanden til Samson er god eller dårleg. Eleganse, god apetitt, nysgjerrighet og klare farger er teikn på god trivsel. Ser me på den andre sida antydning til sjukdom "bør du slå opp i en akvariebok eller ta kontakt med dyrebutikken for å finne ut av hva som feiler den. Ofte kan man redde livet til en fisk hvis man gir den riktig behandling til rett tid."

Eg ville heller ha gjort kort prosess og gitt han ein spanande og interessant utflukt ned i toalettet og ut i kloakken. Heldigvis ser det ikkje ut som om dette vert eit naudsynt tiltak i næraste framtid.

Samson, me set stor pris på deg! Du er ein fargeklatt i liva våre!


onsdag 19. november 2008

Det er ikkje alltid at me har noko særskild å fortelja om på bloggen vår. Då legg me ut spanande(?) bilete frå livet i Henrichsens gt 3. Enjoy =)



Me har hatt besøk av kompisen vår,



...av tuttemor 1 og tuttemor 2,




...og av den noverande meisteren i sequence, Leif Arne.


Me vil ha revansj!


Trøyst? ja takk.

mandag 17. november 2008




Eg nynnar på julesangar. Eg et mandarinar. Eg snoper julemarsipan og fiken. Prinsipiellt er eg imot å byrja på juleførebuingane før 1. desember. Men, kva anna kan eg vel gjera enn å tjuvstarta på høgtida når eg kjenner glede over dei små velsignelsane allereie i november?


lørdag 15. november 2008



Dette e plassen å ver i helgå! Velkommen te Sinsen kirke & Fjellhaug:)
Program og meir info på www.nlm.no/frontline

mandag 10. november 2008

Debut

Dette er ein liten appetizer i anledning oppstarten av bloggen "Jentene på haugen". Her kjem stort og smått til å vera i rampelyset - mest smått. Forrettar, hovudrettar og desserter - alt til ein kvar smak. Bon Apetit!