torsdag 29. januar 2009

Endeleg!

Kjære vinnarar av pepparkakehuskåringa! Me veit dykk har venta med lengsel, og endeleg - Det er premietid! (Høyrte me eit dempa halleluja, Bjarne?)
Me inviterer dykk til middag på St.Hanshaugen i næraste framtid:) Skriv kommentar når det passar! Me føreslår ein dag neste veke.

Til dessert: knusing og eting av pepperkakehusa! Me tek oss av Rosenborggt kirke, dykk kan ta dei andre:)



fredag 23. januar 2009

Slik ser Elin sin LCD skjerm ut om dagen - meir eller mindre.

The Bucket List

To menn får ein dødsdom (kreft) og bestemmer seg for å lage ei "kisteliste"; alt dei vil sjå og gjere før dei ligg i kista; tatovere seg, hoppe i fallskjerm, safari, sjå den kinesiske mur, pyramidane, Roma, Louvre..

Det er eit uttrykk som seier: "Lev som om kvar dag var den siste". Eg liker eigentleg kvardagen, eg. Og eg trur Gud vil at eg skal leve i kvardagen min, for Han. Men det er likevel litt spanande å tenkje: Viss du fekk vite at du har eit år igjen å leve, kva ville du brukt tida di på?

Nokon som tør sei noko dei MÅ få gjort før kista?:)


onsdag 21. januar 2009

God morgon?

Brøytebilane jobber og bråker halve natta, men kva hjelper det at vegen er fri for snø når alle bilane er innesperra i brøytekanten?:)



lørdag 17. januar 2009

Endeleg ferdig!

Dei siste vekene har eg ikkje kunna sjå ein person gå over golvet utan å få ei milelang tankerekke om holdning, bekkenstilning, kva musklar som er i aktivitet, kvar desse får blodforsyninga si frå, kva nerver som er involvert, kvar desse snor seg.. Eg er hjernevaska av musklar, bein, bevegelsesakser, nerver og blodårer. Visste du at berre mellom albuen og handleddet ditt har du 18 musklar?
Vel.. NO er det slutt for denne gong:) Tove Karin har bestått anatomi/funksjonsundersøkelses-eksamen - halleluja!

torsdag 15. januar 2009

Nå er det fest og basar - gratulera med dagen til far, og TOVE KARIN

(Bursdagsvise. Tips frå jentene på haugen: Syng han medan du ser på bileta, det skaper stemning - for deg så vel som for dei rundt deg!)

Hurra for deg som fyller ditt år!
Ja, deg vil vi gratulere!
Alle i ring omkring deg vi står,
og se, nå vil vi marsjere,
bukke, nikke, neie, snu oss omkring,
danse for deg med hopp og sprett og spring,
ønske deg av hjertet alle gode ting!
Si meg så, hva vil du mere?

Høyt våre flagg vi svinger. Hurra!
Ja, nå vil vi riktig feste!
Dagen er din, og dagen er bra,
men du er den aller beste!
Se deg om i ringen, hvem du vil ta!
Dans en liten dans med den du helst vil ha!
Vi vil alle sammen svinge oss så glad:
En av oss skal bli den neste!







onsdag 14. januar 2009

mandag 12. januar 2009

dagen i dag

Bergenseren som køyrer 46bussen frå St Hanshaugen mot Grensen klokka 07.21 helsar meg med "God morgen" og eit stort smil. Omlag tre minutt seinare kjem det frå høgtalaren: "Da vil jeg takke for følget, og ønske dere en strååålende dag! Gjør denne dagen til DIN!"

Dagen i dag kan skildrast med ord som:

røyrleggar
lekkasje
vatn
jobbing
lesing
skriving
risengrynsgraut
vasking
fjerning av støvpartiklar frå overalt på kjøkkenet
lesing
skriving
dysjing
pendling
nøkkel-samtale
mangel på motivasjon
glede over nytt sluk
mangel på søvn
Sal 55.23
Henriette sitt fråvær
nervøs latter
handkrem
tannkrem
mor sine havrekjeksar
gode ord
bryllupsplanlegging
tekstmeldingar
telefonsamtalar
laymen
skriving
lesing
ingefær-te
bokhandel og bibliotekbesøk
skrivesperre
små velsignelsar
bygging av interessante relasjonar
observasjonar

blogging

lørdag 10. januar 2009

Utanfor vinduet..

Rennesøy: Guds vakre, frie natur!




Oslo: Naboblokka. Oslo får et lite pluss for at det kan ver spanande å kikka på naboane. Oslo får et stort minus for at naboane kan kikka på oss.



Rennesøy vinn LETT.

mandag 5. januar 2009

The return of the girls

Ferie er fantastisk. Ei god oppfinning. Særskild dei seksten dagane som i fjoråret utgjorde juleferien. Men ein kan faktisk verta utmatta av å eta for mange småkaker. Ikke at eg sjølv har gjort det, det fall meg berre inn som eit godt eksempel. No er det godt å vera tilbake i byen att! Meir aktivitet på bloggen er kan hende eit nyttårsforsett?

Her kjem eit lite utval visuelle augneblunk frå Elin sitt opphald på Jæren og på Karmøy:











Eg tykkjer at denne karen fortener eit bilete på "jentenepahaugen".


Me vil ynskja dykk alle saman eit godt nytt år!




lørdag 3. januar 2009

Dagens anbefaling: Max Manus

Mektig film!











Levde bestefar, grandtante Olga eller nabo Peder under krigen? Be dei fortelle! 150 tyske soldatar kom til Bø i Randaberg då morfar var 10. Halve huset vart okkupert - kompanikontoret vart sett opp i stova og telefonsentralen på "kammerset". Idag fekk eg høyre om når Franz, oppassaren for nestkommanderande, hadde høyrd på meldingane frå London og sette seg på kjøkkenet dei alle delte og sa "I natt blir det gans bestemt ein invasjon" - Det var kvelden før D-dagen.