lørdag 17. januar 2009

Endeleg ferdig!

Dei siste vekene har eg ikkje kunna sjå ein person gå over golvet utan å få ei milelang tankerekke om holdning, bekkenstilning, kva musklar som er i aktivitet, kvar desse får blodforsyninga si frå, kva nerver som er involvert, kvar desse snor seg.. Eg er hjernevaska av musklar, bein, bevegelsesakser, nerver og blodårer. Visste du at berre mellom albuen og handleddet ditt har du 18 musklar?
Vel.. NO er det slutt for denne gong:) Tove Karin har bestått anatomi/funksjonsundersøkelses-eksamen - halleluja!

1 kommentar:

  1. Gratulera så masse!! Du e kjempe go!!Makan te notater ska ein leita lenge ette;)

    SvarSlett