onsdag 31. desember 2008

Julebukk!

Mellom jul og nyttår dukkar det stadig opp små nissar på døra. Dei gir oss småfalsk julesang og litt juleglede - me gir dei snop. Ein finfin tradisjon!


fredag 26. desember 2008

Ser du kva (kven) dette er??



Samson (jmf tidlegare innlegg) grudde seg fælt til jula, då denne skulle pregast av faste og bøn (om liv i 2009). Lars Erik hadde større tru på effekten av fasten enn bøna. Steffen tykte me burde ha det litt moro og fryse han ned eller la han stivne fast i gelé. Andre meinte Samson burde få ei eventyrreise gjennom Oslo's kloakk. Elin hadde andre planar.

Det kan vera farleg nok å bu i ei Imsdalflaske.. Lars Kristian haldt på å drikke han opp. Men som den kampfisk han er, overlevde han den meir eller mindre strabasiøse togturen og skal no leve resten av sine dagar på Brusand.

Med din hukommelse vil du nok ikkje hugse oss, men me vil hugse deg. Takk for godt selskap:)

onsdag 24. desember 2008

Gledeleg jul!

For eit barn er oss født,
ein son er oss gjeven.
Herreveldet kviler på hans aksler,
og han skal kallast:
Underfull Rådgjevar, Veldig Gud,
Evig Far, Fredsfyrste.



Ein tanke som har fulgt meg denne førjulstida:
Viss du ikkje veit kva du skal gi til ein som har alt, kva med å heller gi noko til ein som manglar alt?

'Sanneleg, eg seier dykk: Alt de gjorde mot eit av desse minste syskena mine, det gjorde de mot meg.'

torsdag 18. desember 2008

Armen med det rare i

Tove Karin undrast om ho kjem til å pipe i metalldetektoren på flyplassen?? Tryggast å ta toget heim:)

lørdag 6. desember 2008

Gjermund utfordrer Lars Kristian

Gjermund kunne ikkje la utfordringa frå Bjarne gå frå seg, og responderte: "Trur du eg e ei pysa? Sjølsagt våge eg! Sei frå tidspunkt for sekvensen:) Eg har og 12-13 hår på kassen å bli kvitt:) ". Me fann fram epilatoren att. Onsdag gjekk det hardt føre seg på St Hanshaugen.





Gjermund Nordhus utfordrer herved Lars Kristian. Vågar du?

torsdag 4. desember 2008

Pepperkakehuskveld:)

Bake-pepperkakehus-konkurranse-kvelden var ein stor suksess! Stort engasjement, kakemenn, ei teskjei konkurranseinstinkt, mandariner, svensk julemust, ein dæsj julestemning og gamle juleklassikarar prega kvelden, og resulterte i mange glade ansikt og ikkje minst; pepperkakehus i allslags variantar!

ME KÅRAR DET BESTE PEPPARKAKEHUSET!! Stem på sida:)


"Rosenborggt kirke"

"Tradisjonen tru"

"Hip(pie) campingvogn"

"Babels tårn"


"Auschwitz møter glede"

"Die Hause zu Hansel und Grethel"

























tirsdag 2. desember 2008

Og det skjedde i dei dagane..

I desse juleførebuingstidene er det mykje å gle seg over. Dei siste vekene har det vore så mykje glede i leiligheten vår at det har gått utover dei daglegdagse gjeremåla. Drøsen over kaffikoppen har me titt, men kanskje har det vore ekstra mykje å snakka om den siste tida. For når ei jente er glad i ein gutt, og når gutten er glad i jenta - då kan store ting skje. Og no kan me gratulera

Tove Karin & Lars Kristian



og Audhild & Arnfinn


Det er så kjekt å sjå at ungdommane finn kvarandre =)