søndag 23. november 2008

Tid for kvikklunsj

Med pølse i magen kan me seia at me hadde ein god start på dagen.

Det var eit festleg lag som tok ut på tur i dei tidlege morgontimane ein søndag i slutten av november. Ved godt mot tok me fatt på dagens prosjekt - å lufte Leif Arne. Korleis det gjekk? Over all forventning. Turen gjekk til Songsvann, og me var godt førebudde med både proviant og vedkubber i sekken. Me lurte veldig på om ein kunne hatt det betre då me surra bacon rundt pølsene og grilla dei på bålet. Ein påstand om at konsumeringa var viktigar enn sjølva grillinga, vart elegant oversett. Men det skal vera sagt at det er ein viktig del av prosessen - kanskje også den største motivasjonsfaktoren? Etter endt bålkos byrja kulda å bita litt. Kakao og kaffi hadde heldigvis sett ein ekstra spiss på dagen, og med nye krefter vende me nasen heim att. På lang, lang rekkje spaserte me - Gjermund, Odd Inge, Karl Ove, Leif Arne, Tove Karin og Elin - godt nøgde med vår eigen innsats.






3 kommentarer:

  1. Dette såg kjekt ut. Det e godt at ungdommen held seg i form. Flott med blogg. Det e jo gildt å sjå kossn dåkk har det.

    SvarSlett
  2. Mor sine kommentara:)
    Jentene på haugen. hmm... var det ikkje en butikk i Olso så hette "guttane på haugen"?
    Meine det skrives største, ikkje styrste...
    Kem æ desse guttane tru?

    SvarSlett
  3. Fin blogg folkens:)
    "Gutta på haugen" e ein butikk på St Hanshaugen anyway. Litt kaksebutikk.

    SvarSlett