lørdag 16. mai 2009

Haydom





Eg og Yeshua, ein av dei herlege ungane på CCU (child care unit). Dei fleste av ungane her har mista mor under fødselen, og familien greier ikkje å ta seg av dei når dei er så små. Når dei vert eit par år, kjem forhåpentlegvis familien og hentar dei heim. I mellomtida har dei det veldig bra her! CCU har nettopp flytta frå eit lite rom på 10kvm til eit fint hus med eige kjøkken, soverom og god plass til leik. Dette har Rennesøy skule bidratt mykje til, og det er ekstra stas.



På sjukehuset her får eg sjå MASSE! Ekstra stas er det når eg får "scrub in" og assistere. Eg har sett keisarsnitt, fødsel og mange ulike inngrep og operasjonar av ulike strl. Eit høgdepunkt var lukking av ryggmargsbrokk og å få assistere under ein ortopedisk operasjon av lårbeinet der me henta ut dødt bein. Kan leve lenge på dei stinga eg fekk sy då:)
Ellers er det rundar på avdelingane der ein finn alt frå Malaria og Tyfoidfeber til hjertesvikt og diabetes. Veldig mange ungar som har hatt revmatisk feber og etterpå fått hjertesvikt. Hjerteskjærande å sjå dei små sitte med oksygen dag ut og dag inn.





Eit anna høgdepunkt var outreach clinic på torsdag! Flaug med småfly til ein liten dal. Hit kjem eit team frå Haydom kvar månad og veg, vurderar og vaksinerar ungane i området. Mange kjem gåande fleire mil med borna på ryggen. Her var mange flotte datooga'er med sine fargerike klede og utsmykningar! Eg vaksinerte små sjokoladeungar til den store gullmedaljen mot polio, difteri, tuberkulose ++
Det var eit privilegium å få vera med hit!



3 kommentarer:

  1. Så kjekt å lesa! Rekne med du har hatt ei fantastiske feiring i dag og:-) God tur heim - og glede meg t å hørra meir!!! Klem Marie

    SvarSlett
  2. kjenne eg e bare bittelitt misunnelige..... Ü

    SvarSlett
  3. Det ser rett å slett heilt fantastisk ut:) Eg åg vil te afrika:) glede meg te du kjeme heim ijen å fortelle:)

    SvarSlett